Etter månader i mammapermisjon er det på tide å gå frå blogglesar til å prøve å legge ut eit innlegg.. Har ikkje noko spesielt tema eg har tenkt å skrive om forutan å bruke bloggen som ein ventil for kvardagslege oppdagingar, dele gleder og frustrasjonar. Ikkje av det alvorlege slaget, men av til dømes politikk og tullete lesarinnlegg ;) Er hønemor for mine to søte små, samt bonusmamma for ei skjønn jente.